fredag 1. april 2011

                                                          Same sorga

Den kjem i mange forkledningar,
døden,
seier dei.
 
Nokon gongar
snik den seg innpå.
Lurer i kulissane.
Tek gradvis over
ein skrantande kropp.
Viser seg etter kvart.
Når den gjer siste stikk,
har ein rukke å seie farvel
mange gongar.
Men likevel ikkje
ofte nok.

Andre gongar
er døden synleg berre for den
som brått vert vekke.
Dei rundt
ser det for seint.
I sjokk, vantru
kjenner dei att
døden.
Ikkje du.
Ikkje no.

For dei som sit att
veit eg ikkje kva
som er verst.

At sorga startar før,
varer i langdrag
før den får sleppa ut.

Eller at sjokket
slår ut pusten
på ein.

Men etter ei stund
kjenner ein att den
same sorga.

Veit den skal
vara
lenge.

Og går an
å leva med
til slutt.

© Røsslyng

5 kommentarer:

  1. Tenker på deg, vennen. God klem fra meg

    SvarSlett
  2. Nydleg dikt du dele med oss - vit at mange tenkjer på deg

    Klem

    SvarSlett
  3. Eg har ikkje fått med meg dette før no eg. Så trist med mor di! Men veit det er godt å vita at ho ikkje har vondt meir. Og godt du fann trøyst i diktet mitt! Eg har fleire om sorg viss du trykkjer på "trøystedikt" eller "mørke dikt" i diktkategoriane. Ein god KLEM til deg! Om gravferda er overstått no, veit eg det lettnar litt.

    SvarSlett

tunge dager

  det er tunge dager synes eg no.  Men livet stopper jo desverre ikkje opp fordi noen dør. Og ikkje viste eg at det  var SÅ mange ting som m...