mandag 20. september 2021

Godt for sjela


Vi trenger jo ikkje reise så langt, ei heller klatre på dei høgeste fjella

 for å NYTE godt av naturens magiske krefter.



 Vi fikk oss ein magisk tur Asbjørn og meg,
da vi tok søndagsturen opp på fjellet. Bare eit langt steinkast unna.
Det er vel det ein kan kalle
 #nærtur #kortreist #heiaopp

Men bratt er det da, tungt å gå opp - veldig tungt.
Men når ein endelig er oppe, er det jo bare å gå og gå og gå litt til vettu.
Vi gjekk inn til eit vann som heiter Svartevatnet 1023 m.o.h.

Der vi fikk oss ein god rast, fikk hilse på ein oter, Peik fikk eit ufrivillig bad, eg fikk strikka litt. og sett høstfarger poppe opp.
Rett og slett kosa oss 😀



Vegen heim att måtte vi jo ut på kanten og se heilt heim,
Alltid litt sterkt å stå oppe på fjellet og se ned på resten av livet.
Og selv om det var ein bratt tur opp, så var vi jo veldig enige om at vi er heldige som har naturen så nær oss 💖
Håper du har hatt ein fine søndag - klem 



 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

tunge dager

  det er tunge dager synes eg no.  Men livet stopper jo desverre ikkje opp fordi noen dør. Og ikkje viste eg at det  var SÅ mange ting som m...