Viser innlegg med etiketten strikkeliste 2021. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikkeliste 2021. Vis alle innlegg

lørdag 23. januar 2021

Led meg ut i fristelse ...


ja da - eg veit eg skulle strikke etter ei strikkeliste fram til Vinterferien 2021, 
og det skulle ikkje være noe rom for utskeielse - og eg var jo selfølgelig enig  😀
Og eg drømte jo om alle dei genserene eg skulle strikke ferdig til vinterferien.




Men det var heilt til dette sokkemønstre dukka opp på instagram, 

og eg falt pladask IGJENN ...
men heldigvis så skulle disse sokkene test strikkes og mønster skulle lages, så oppi mitt hode hadde eg jo veldig god tid.
Men gjett kva da  - Forleden dag dukka det jo opp på Ravelry.
OG eg måtte jo falle for fristelsen.

Kjøpte mønstra , og ville/skulle  strikke dei fine sokkene med ein gang.
Så travelt hadde eg det at eg ikkje rakk å lese gjennom heile mønstra ein gang. 

Så eg fant fort ut at eg måtte puste litt, 
starte på nytt og strikke  dei sokkene når eg var alene, med godt lys og ingen som forstyrra meg.

For her snakka vi om Latviske fletter, tynne pinner og tynn tråd 
( og ja da - tråden er fra lagret i kjellaren ;)
Forsterka hæl, forkorta rader og forkortelser eg ikkje bruker til vanlig.



 

Men veit du kva - eg trur dei blir dritlekkre, og ja da eg må strikke 2 av samme sort, men egentlig så hadde eg tenkt å strikke ein heil haug av slike sokker .
Det skal blir jul i år og vettu ;)

phhh....jammen meg bra vi er i januar ennda

Oppdatering: eg strikker på Hjertegenserene mine innemellom, 
på tjukke pinner og Alpakka tweed tråd, den vokser jamt og trutt.

Eg fikk ei lita ahaaa opplevelse no i kveld, mottakeren av herre genseren ville ikkje ha ein slik genser lell, så da må eg lage noen nye planer, men noen skal iallefall få seg ny genser til Vinterferien 💗

mandag 18. januar 2021

#fjellgenser


Endelig vart #fjellgenserne min ferdig  😀

Den skulle  egentlig  vert strikka i ein anna tråd, men når fargen er viktigst - da måtte det bli slik vettu.

Og den skulle jo være  TURKIS, ferdig diskutert...




Eg har strikka den i LettLopi.
  Eit utrolig godt garn.  Det klør sier noen, men eg kan godt bare hatt t-skjorte under . Og etter ein stund blir den jo mjukere også.

Noen meiner at den skal vaskes og skylles i balsam, da blir den mjuk og god.  
Det har ikkje eg prøvd ennda.

Denne mønstra likte eg SÅ godt,
 at det heilt sikkert kommer fleire slike gensere etter kvart.

Og eg har tynn orange tråd som bare ROPER strikk av meg da vel.
Men men - no holder eg meg til strikkelista mi.
Kan hake av ein genser og godt i gang med neste 😀
Så får eg se kva tid den orange tråden kommer opp i varmen

 

Øyeblikket - her og no