lørdag 6. oktober 2018

Heia Oktober

I år gjekk vi frå ein kjempe fine sommar til ein heilt ræva haust. 
 vind og regn nesten heile september
 og oktober blir  vel ikkje betre tenker eg …


 Det er jo mange dager att av oktober  og det er jo lov å håpe på at vi får noen dager med opplett.. Bare litt 




Men med ruskedager ute får vi god tid til å jobbe med huset vårt
 - og no skal vi gå frå eit  HUS til eit HJEM.




Skummelt men samtidig så godt
 - eg har så savna senga mi - og resten av huset også.
Eg har savna tryggheten og gleden, 

ikkje det - vi har hatt fine månader i gamlehuset 
- sovet, spist og flira mye - men det er jo ikkje vårt.

Men no SKAL vi bruke tiden inn mot advent og jul,
finne ROEN - finne heimen vår,og ikkje minst - finne tinga våre,



 finne ut kva vi har, kva vi trenger og ikkje minst - kjøpe inn att alt vi trenger ;)  
og bare det er jo ein heildagsjobb - minst ;)

 smil i kvardagen - monika 


2 kommentarer:

  1. Så bra at dokke endeleg får kome tilbake til huset.
    Lukke til med flytting og nyt tilværelsen.
    Klem

    SvarSlett