mandag 19. januar 2015

ei mormorhand å holde i



Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på dei går dei dagen lang.



Tene ved livsens grunnkjelder får dei.
Hendene skaper brød,
deler ut føde ved dekte bord, til svoltne munnar.
Tøy glir igjennom dei, blir til klær,
klær glir igjennom dei, blir reine og glatte,
sveipar seg angande kring lemmene våre,
ligg og lyser kvitt over bord og seng.
Flekker og støv og søle kverv under hendene,
dei vil at alt ikring dei skal skine.


Lykkelege hender -
vatn lever dei i, og tek i tre,
i jønn og i mangt slags metall,
kaldt og varmt,
kveiker lys, gjer opp varme.
Blomar får dei røre ved, og alt som skal vekse,
stryke eit dyr over pelsen,
stø opp ei plante som held på bognar,
halde vârt kring ei kosteleg bok.
Heile dagen er hendene fulle.

Og kvelden kjem til dei
med nye gåver:
 klær, vatn,
puter å glatte,
eit barns fine hud og mjuke hår
å røre varleg,
eit elska andlet
med trøytte drag.

Og når natta er der
søv dei inn i mørkret
stille og varme
hos to andre stille og varme hender.

Lykkelege hender.
Ein gang skal det bli sælt
å få kvile for godt.






2 kommentarer:

tunge dager

  det er tunge dager synes eg no.  Men livet stopper jo desverre ikkje opp fordi noen dør. Og ikkje viste eg at det  var SÅ mange ting som m...