lørdag 31. januar 2026

kor vanskeleg

skal det være da ...
Første tråd kjøp i 2026 vart sammen med noe vaskemiddel og hundemat 
og det hjalp jo ikkje at det var 20 % avslag på den allerede billige tråden  😜

SUKK SUKK





og JA DA eg vart blenda av dei fine fargane,
 eg elsker jo fleirfarga sokketråd  😉

Eg har kilovis av i lagret i kjelleren, og tenkte at vis eg strikka dei sokkene med ein gang - da teller det ikkje 😉

 For da  kommer den tråden ikkje ned på lagret i kjelleren. 
Men havna i kassa med ferdig strikka julegaver
Og det er jo noe eg blir glad av - ferdig strikka sokker  💚

Og planen var så enkel.
 Ein fin fin blondekant på toppen og rett ned til tåa .
 Så enkelt men så vanskelig.



Ja eg har googla, funnet fram mønster på papir, 
googla litt til, havna inn på ei side med verdens finaste blonder 
- PÅ eit språk som ikkje eg iallefall skjønner.

JUPP - ein heil kveld har eg sitte ved kjøkkenbordet og makka.

 Irritert på meg seg selv som har kjøpt ny tråd
  ( når eg har kilovis fra før )
og brukt tida på noe eg ikkje får til 😒





Men eg fant da noe eg kan leve med -Tilslutt.
 Så gjenstår det å sjå da  - kor mange sokker det blir .

For i kjent sunnmørsstil - SÅ kjøpte eg jo 6 nørster med den tråden. 😌😋

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Påfyll Ku

Endeleg var det tid for LELY Congress 2026, og du og du kor eg har gleda meg til dette. Fagleg påfyll, god mat og drikke. Sove i ei hotell s...